- OM KLUBBEN
- AKTIVITETER
- BARNAS TURLAG
- TURDAGBOK
- KLATRING
- FOTOALBUM
- NYHETSBREV
- LINKER

Etter eit par år utan felles kajakktur er det godt å ha fått det til att! Fem deltakarar lasta opp og reiste til området mellom Hitra og Frøya for å sjå kor mykje tur vi kunne få til når vêrmeldinga var heller utrygg.
I mangel av betre lokalkunnskap padla vi på laurdag 23. juli frå Kvenvær til Skårøya. Der slo vi leir ved leirskulen, før det vart ein ettermiddagstur rundt øya. Søndag padla vi nordover, i mest mogleg roleg vatn mellom holmar og øyar. Etterkvart fekk vi både blå himmel og litt sjø. Etter matpause på Klovningen runda vi Helsøya og naut medvind attende til Kvenvær. Bilda frå turen finn du i fotoalbumet.