kant-topp

NYHETSBREV

Orkla Fjellsportklubb og Barnas turlag avd. Orkla har ei Google-gruppe og e-postliste som primært er for medlemmar, men som også er open for andre som er nysgjerrige på kva vi driv med. Her blir det m.a. sendt ut påminningar om turar og aktivitetar, og også meldingar om aktiviteter og initiativ som dukkar opp i tillegg til det som er vist i kalenderen. I tillegg gjer lista at det er enkelt for alle medlemmar å sende ut e-post til alle dei andre medlemmane om ein t.d. vil på tur og ønskjer selskap. Ved å sende ei melding til Orkla-Fjellsportklubb@googlegroups.com får du no altså automatisk distribuert meldinga di til alle medlemmane (inkl. ein kopi til deg sjølv). Dersom det blir behov for det, kan vi også opprette eigne grupper for forskjellige aktivitetar, t.d. ei eiga for Barnas turlag og for ivrige klatrerar osv. Men førebels trur vi ikkje det blir meir aktivitet/fleire e-postar enn at vi held det innanfor ei gruppe.

For å hindre søppelmeldingar er gruppa stengt for andre enn dei som har blitt invitert med, og det er berre medlemmar av gruppa som kan sende ut e-post til den. Dersom du ønskjer å bli med på e-postlista sendar du ein førespurnad til styret

Orkla Fjellsportklubb og Barnas turlag avd. Orkla har forresten også ei gruppe på Facebook, og der finn ein også ymse informasjon.

kant-bunn