kant-topp

Topptur til Ruten

Årets andre klubbaktivitet (etter Barnas turlags "Kom deg ut-dagen" 7. feb.) var skitur til Ruten, den 13. feb. 2010. Vi hadde endra utgangspunkt for turen frå Lomunddalen til Borstad, for å få meir bakkar og renning ned att. 10 vaksne møttest denne gråe og våte laurdagen for ein heller ruskete tur.

Men innimellom såg vi himmelen og naturen rundt oss. Mot toppen kunne vi ikkje anna enn å prise oss lykkelege for at det er utruleg tett "merking" med stålstakar til radar-/antenneanlegget på toppen. Hadde vi ikkje funne dette anlegget og varden med boks og turbok, hadde vi ikkje kunne vore sikre på at vi var på toppen. Sikta var her berre nokre få meter. Starten på nedturen var også utfordrande pga. sikt/vêr og føre, men frå tregrensa og ned var det nydeleg laus snø!
Det var stor einigheit om at dette var ein dag da dei færraste av oss hadde kome oss ut om vi ikkje hadde avtalt tur. Men med gode klede og godt selskap blir det fine turar også i slikt vêr! Og turkoordinatoren innsåg denne dagen at det er på tide at han veks frå sin barndoms aversjon mot "danskekombinasjonen": alpinbriller og bortoverski.
Fleire bilete frå turen finn de i fotoalbumet.

kant-bunn